FVGS-elevar som gler seg til gjenvisitt i Finland. F.v Sebastian Haugan, Eirik Grimstad og Harald Vedøy. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar vidaregåande skule har dei siste vekene hatt vitjing av elevar frå «Vasa Undervisningsinstitut» i Finland. I går arrangerte dei «Finsk aften», og snart skal fire FVGS-elevar til Finland.

Dei finske elevane gav uttrykk for at det var både triveleg og lærerikt å få vera hospitantar på Fitjar vgs. I tillegg til å ta del i undervisninga har dei òg vore utplasserte i praksis på forskjellige serveringstader i området.

Vitjinga frå Finland er starten på eit samarbeid mellom Fitjar vgs og den tilsvarande skulen i Vasa.  «Vasa utdanniningsinstitut» er likevel ein mykje større skule enn den vidaregåande skulen på Fitjar. I alt husar denne utdanningsinstitusjonen over 2000 elevar, og 600 av desse tek kokkeutdanning.

Det vert difor ein svært spennande tur for dei fire elevane frå Fitjar vgs som med det første skal gjera gjenvisitt i Finland, saman med to av lærarane på skulen. Det var heller ikkje nokon tvil om at dei gledde seg skikkeleg når me snakka med dei tysdag kveld.

Tysdagskvelden laga nemleg dei finske elevane og læraren deira til finsk aften med ditto matservering. På den spennande menyen fann me mellom anna «karelska piroger med äggsmör, Toast Panike (gravad lax-röra og malaxlimpa), kallrökt og varmrökt lamm-röra på malaxlimpa (eit svært spennande brød som liknar litt på det danske rugbrødet, men er søtare) og karelsk stek. I tillegg var det nydelege dessertar og ein ost med namn Juusto Portti som me var heilt forelska i.

Fitjar vgs kvitterte med å sette opp eit bord med rømmegraut, spekekjøt, lefser – og annan norsk mat. 

-Ein god start på eit spennande prosjekt, sa FVGS-rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll, som i sin tale gav dei finske elevane eit svært godt skussmål.

FVGS-elevar som gler seg til gjenvisitt i Finland. F.v Sebastian Haugan, Eirik Grimstad og Harald Vedøy. Foto: Håkon C. Hartvedt