Så har Fylkestinget gjort endeleg vedtak: Fitjar vgs får drive vidare, som i dag.

Dermed følgde Fylkestinget opp vedtaka til utvala som tidlegare har gått inn for det same. Vedtaket var såleis ikkje heilt uventa. Like fullt: Ein svært gledeleg vedtak for både Fitjar vgs og Fitjar kommune. 

Rektor Leif Helge Engelsen ved Fitjar vgs fortel til fitjarposten.no at han sat spent frå møtet i Fylkestinget starta kl 11.00 til avgjerdsla fall mellom kl 16:30 og 17.00 i går. Men då fleirtalet gjekk i favør av å behalda Fitjar vgs med same dimensjonering som no, kunne han både senka skuldrane og sleppe gleda laus. I dag vart flagget heist ved skulen.

-Dette er eit bra vedtak både for skulen og ungdommane i Sunhordlandsregionen, smiler han, og fortel at dette gjev inspirasjon til å fortsett bevare det gode miljøet på skulen.  -Me vil stadig leggje vinn på å sjå den einskilde eleven, med omsyn til både læring og trivsel, undertrekar han.

-Eit veldig viktig vedtak for Fitjarbygda, både med omsyn til arbeidsplassar og til at Fitjar vgs er ein livsnerve i Fitjar sentrum, seier ordførar Wenche Tislevoll i ein kommentar.