To vidaregåande skular i Hordaland har oppretta fagskulefilialar i Bergen. Den eine av dei er Fitjar vgs.

Dei to skulane er Fitjar og Fusa vidaregåande skular, og initiativet kjem frå Bergen kommune som ønskjer fagskuleutdanning av helsepersonell som har fagbrev.

Hanna F. Gjesdal ved Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune seier at kommunen har store utdanningsprogram for både ufaglærte og fagarbeidarar i pleie- og omsorgssektoren.

– Bergen kommune merka seg at desse skulane sette i gang denne utdanninga i fjor og ønskte å få tilsvarande fagskule i Bergen. For å få dette til, har vi innleia samarbeid med Bergen tekniske fagskole, som stiller lokale til disposisjon, seier Gjesdal iflg.Utdanning.

-Dette er noko me har jobba for, og me ser på det som ei anerkjenning at me blir brukt i denne samanhengen, seier rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll til fitjarposten.no