Søndag 20. januar var Fitjar Vidaregåande Skule 75 år. I går vart det kake på elevar og lærarar, som ein forsmak på jubileumsfeiringa. For mykje skal skje i løpet av 2008.

-7. juni vert det stort elevstemne, og til hausten ei høgtidsam og offisiell markering av hendinga. I tillegg vert det ulike aktivitetar utover våren og hausten, fortel rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll til Fitjarposten.no.

Ho kan vidare fortelje at ei jubileumsbok òg er på trappene. Ho vil truleg vere ferdig til elevstemnet 7. juni.

Les meir på skulen si internettside, som du kan klikke deg inn på i kolonnen til venstre.