Fitjar tok sin andre seier på fem dagar og kan ta ferie på 9. plass i serien. Fitjar har dermed tatt steget opp frå nedrykksplassane.

Fitjar starta kampen best i Norheimsund og var til tider både gode og effektive og leia 2-0 før det var gått ein halvtime. Ein hadde også ein stor sjanse til, der Kjell Magne Halleråker var gjennom åleine med keeper. Når det er sagt, så hadde også Norheimsund sine sjansar i første omgang, og Torstein Myhre stod nok ein gong godt i Fitjar-målet.

Andre omgang starta Norheimsund hardt ut og presse oss tilbake, og me hadde store problem med å koma ut av forsvaret. Og for Norheimsund gav det resultat i form av scoring. Etter kvart kjem me høgare på banen og skapar på ny sjansar, og etter 78 minutt er Kjell Magne Halleraker gjennom og vert felt av keeper. Han tar sjølv straffa og set den i mål. Keeper vert utvist og Norheimsund må spela dei siste 10 minutt med 10 mann.

Nok ein gong set Norheimsund inn press på oss og får redusering 2 minutt før slutt gjennom ein straffe etter hands på Åsmund Sørfonn. Resten av kampen vart nervepirrande, men gutane klarte å ro av stormen, og Fitjar tok 3 velfortente poeng og kan ta ferie med godt samvit.

Torstein Myhre var nok ein gong god i Fitjar-målet, men me vil og trekkja fram heile laget for god innsats. Kjekt var det også at 8-10 Fitjar supporterar var med.

Me ser fram til ein spanande haustsesong.

Trur du Fitjar vil halda seg i 3. div?