Fitjar spela denne helga mot Årstad på Krohnsminde i Bergen, og kunne venda heim att med 1-0 siger. Ørjan Hatlevik var også i Bergen, og fekk speletid for Fitjar.

Målet vart scora av Sindre Andreassen. Sjølv om Årstad pressa hardt på mot slutten, greidde fitjarbuane å ri stormen av.

-Glad me klarte å ta 3 poeng. Nå ligg me på 4. plass og har godt heng på toppen, seier Dicky Stehnsohn og Agnar Aarskog.

Mot Årstad var òg Ørjan Hatlevik på banen igjen. Han kom til fleire målfarlege sjansar, men netta ikkje denne gongen.
-Men dritgøy å spela fotball igjen, seier Ørjan som sjølvsagt er spent på om det blir sommarturnè på han eller ikkje. Det vert avgjort fredag 19. mai.