A-laget til Fitjar fekk ein god start på sesongen då dei vann heile 4-1 på bortebane mot Erdal fredag kveld.

Fitjar bar preg av at det var seriestert i rundt eit kvarter; då me såg usikkert forsvasrsspel og ein del upresise pasningar. Men derfrå og inn viste Fitjar solid spel og kunne innkassera tre velfortente poeng i serieopninga.

Heimelaget Erdal starta eit strå kvassare enn gjestene sine, og hadde fleire store sjansar det første kvarteret av kampen. Etter 13 minutts spel fekk Erdal corner etter usikkert spel i midtforsvaret til Fitjar. Corneren hamna på femmeteren, der eit Erdal-bein fekk skikkeleg klem på ballen. Men heldigvis henta Fitjar-keeper Oddgeir Træet fram ei feberredning, og returen hamna i tverrliggjaren og over mål.

Ei skikkeleg matcvinnarredning som var med og snudde kampen for Fitjar. Kort etter fekk Kjell André Thorland ballen rett utanfor 16-meteren etter eit raid av Thomas V. Waage, og han la ballen fint til side for ein dårleg plassert Erdal-keeper. Herfrå og inn var det nesten berre eitt lag på banen. Ballen gjekk kjapt frå mann til mann blant Fitjar-spelarane, som hadde fått trua på det. Erdal-spelarane greidde ikkje å komma innpå og pressa før ballen var levert til nestemann, og dei blei springande mykje imellom.

Mål nummer to for Fitjar kom på vanleg Thomas-vis. Han fekk ei fin pasning frå Kjell A. Thorland, og var brått åleine med keeper på 16-meteren. Han avanserte inn i feltet og sette ballen kontrollert til side for keeper. Fitjar-spelarane fekk meir og meir rom utover i kampen, og etter 35 minutt kom 3-0. Frisparket på 18 meter kom etter ei stygg felling. Fitjar-kaptein Øyvind Fykse Lie klinte ballen på arrogant vis heilt oppe i vinkelen, sjølvsagt utakbart for den arme heimekeeperen.

I andre omgang heldt Fitjar fram der dei slapp, med mykje fint pasningsspel. Og etter 10 minutts spel kunne Kjell André Thorland leggja på til 4-0 på eit skot frå sju meter, heilt oppe i vinkelen. Etter dette jamna kampen seg litt meir ut, og Erdal kom til eit par farlege sjansar ved den unge, lettbeinte spisen Tord Søreide Skogen. Han viste seg både rask og lur, og etter vel eit kvarters spel av andre omgang blei han altfor lur for Fitjar-forsvaret, og reduserte til 1-4 for Erdal.

Sjølv om Erdal kom litt meir med etter dette, var det ingen tvil om kor poenga ville ta vegen. Fitjar hadde rimeleg god kontroll etter solid innsats av heile laget. Dagens siger var ein typisk lagsiger, sjølv om målscorarane utmerkte seg med fine enkeltmannsprestasjonar.