Fitjar sitt A-lag i fotball vann årets første heimekamp i idrettsparken.

Fitjar tok imot Apollo til årets første heimekamp i idrettsparken, første heimekampen for året gjekk på kunstgraset.

Fitjar fekk ein god start på kampen då Thomas V. Waage i scoringsform blir spelt igjennom, drar av ein Apollo forsvarer og set ballen i mål. Berre minuttet etter utliknar Apollo etter ein personleg feil i Fitjar-forsvaret.

Med vinden i ryggen satsar Apollo på lange ballar framover, og dei er nære på eit par gonger etter dårleg kommunikasjon i Fitjar-forsvaret. Etter vel halvtimen tar Fitjar igjen leiinga; målet kjem etter godt samarbeid mellom førsteårsjunior Mats Brakedal og gutespelar Henrik R. Kjelling. Mats tar med seg ballen ned langs linja, på bakerste stolpe møter Henrik ballen og sender Fitjar opp i 2-1, ei leiing laget tar med seg inn til pause.

Med vinden i ryggen i andre omgang tar Fitjar-laget styringa i kampen og Thomas er to gonger frampå og sender laget opp i 4-1-leiing. Med Apollo- redusering til 2-4 ti minutt før slutt blir det ein liten spenning i kampen. Men Fitjar held Apollo-laget unna og tar ein ny heimeseier. Med litt meir presisjon i siste pasningane og avsluttingane kunne det blitt ein langt større siger.

Nemnde Mats Brakedal og Henrik R. Kjelling debuterte frå start i A-lagssammenheng og klarte sine saker bra.