Tre unge jenter frå Fitjar Karatesenter har vore i Bildøyhallen på karatesamling denne helga.

Arrangørar av karatesamlinga Barnegasshuku 2013 var JKA Norway og Fjell Karateklubb. Blant dei 240 deltakarane i Bildøyhallen var tre jenter frå Fitjar, Katarina Maraas, Alexandra Maraas og Viktoria Maraas.

Instruktørane sensei Larsen, sensei Pettersen og sensei Clemetsen frå JKA Norway er blant dei beste i landet.Sensei Larsen er den høgast graderte i Noreg. Så det var naturlegvis stort for desse småjentene å få trena med så gode instruktørar, seier Bente Koløen til Fitjarposten.

Katarina Maraas på åtte år graderte for andre gong, og no har ho gult belte. Dei andre skal gradera i mars.

Bente Koløen i Fitjar Karate Senter skryt over ungane, og over dei flinke foreldra som er med og køyrer.