Etter å ha vore ti år på svartelista over kommunar med svært dårleg økonomi, har Fitjar kommune fått brev frå Fylkesmannen i Hordaland om at ein no er teken ut av lista.

På det meste hadde Fitjar kommune om lag  20 millionar kroner i akkumulert underskot som måtte betalast tilbake ved hjelp av ordinære driftsinntekter.  Dei siste åra har kommunen drive med overskot og såleis kunne betalt ned gammalt underskot.

-At det no er kontroll på kommuneøkonomien skuldast fleire faktorar.  Både kommunestyret, rådmannen, dei tilsette og innbyggjarane har vore viktige bidragsytarar gjennom mellom anna nøktern drift, strenge prioriteringar, god budsjettdisiplin og økonomistyring, samt lojalitet til ein del upopulære vedtak som til dømes innføring av eigedomsskatt.

 

Gode ordinære skatteinntekter som fylgje av høg aktivitet i kommunen har òg vore eit viktig bidrag for å betre kommuneøkonomien, fortel ordførar Harald Rydland.

 

Fitjar er dermed ute av den såkalla ROBEK-lista. Austevoll kommune er fortsett inne, og Stord kommune kom inn i år. Dei klarte ikkje å dekkje inn underskotet frå 2008, men fekk eit nytt underskot i 2010. Dette tyder mellom anna at Austevoll og Stord no må ha godkjenning frå Fylkesmannen for å ta opp lån, slik stoda har vore for Fitjar dei siste 10 åra.