– Fitjar ungdomskor starta opp forrige fredag med godt oppmøte (ca. 20 ungdommar). Det er likevel god plass til fleire, skriv Dagfinn Brekke til fitjarposten.no.

Koret er ikke berre for dei som vil syngje. Her er det òg plass til folk som kan spille instrument. Om nokon har interesse av å rigge og styre lyd er det òg behov for dei. Koret møtest kvar fredag kl. 19 – 21 på Fitjar Bedehus og er eit tilbod for dei som går i 7.kl og oppover.

Oppdatert liste over øvingsdatoar og meir informasjon vil leggjast ut på Fitjar Bedehus sine heime- og Facebooksider.