Fitjar IL har vore representert i Voss Cup denne helga, og 12-årsjentene er komne heim att med gode opplevingar i bagasjen.

Det er lagleiar Anne Helene Vestbøstad som melder dette til Fitjarposten.

Ho fortel om ei strålande helg for Fitjar jenter 12 på Voss. Dei fekk spela fire kampar, og syntest det var ekstra kjekt å møta lag dei aldri har spelt mot før.  Alle banane var samla, og ein kunne få kampar på grasbane, kunstgrasbane eller bakkar inne på turneringsområdet. Der var det også ein idrettshall der jentene åt måltida sine.

Dei budde på skule vel 10 minutts køyring vekk frå baneområdet. Men det gjorde ingen ting, etter det me forstår på Anne Helene, for dei blei plassert på ein skule med berre gutelag frå blant anna Odda og Rosendal. Likevel kan leiarane melda om eksemplarisk oppførsel, og ei mor uttalte at ho hadde aldri sove så mykje på ein fotballcup …

– Då me reiste heim på søndag, hadde jentene spela to uavgjorte kampar og vunne to, blitt litt meir samansveisa og fått nye bekjentskap … slik det skal vera etter ein fotballcup, seier Anne Helene til slutt.

              FAKTA OM VOSS CUP

  • Den 23. Voss Cup i historia blei avvikla i år.
  • Første gongen lag frå Fitjar deltar på turneringa.
  • Cup for barnefotball 6 – 12 år.
  • 1431 kampar på 28 unike banar frå fredag kl.17.00 til søndag kl.17.00.
  • Over 7000 spelarar i aksjon, 12 av desse frå Fitjar jenter 12.