Torsdag ettermiddag spelte Fitjar sin beste kamp hittil i Gothia Cup, og kom seg til 8-delsfinale etter 2-1 mot IFK Klagshamn frå Sverige.

Fitjar spelte ein kjempekamp i 16-delsfinalen i B-sluttspelet torsdag kveld. Spesielt Nils Ingar Tislevoll markerte seg sterkt frå første spark på ballen. Den stødige midtstopparen hadde fått ei offensiv midtbanerolle i denne kampen, og den visste han å utnytta. Han sette seg tidleg i respekt og var farleg frampå med fleire fine raid og skotforsøk før det lykkast han å scora. Han kom seg gjennom heile svenskeforsvaret midt i 1. omgang, og scora sikkert åleine med keeper.

Ein trong nok ikkje vera Fitjar-supporter for å sjå at Fitjar hadde eit lite overtak etter scoringa. Men også svenskane hadde sine sjansar, sjølv om Fitjar hadde dei fleste. I 2. omgang kunne det sjå ut som om Fitjar hadde kontroll på kampen. Men etter vel 5 minutt fekk ein litt heldig Klagshamn-spelar stå åleine på 16-meteren og leggja ballen i det tomme Fitjar-buret; han fekk ein retur etter ein keeperduell i straffefeltet.

Den som hadde trudd at svenskane dermed skulle snu kampen, tok feil. Fitjar viste seg å vera eit lite strå kvassare heile vegen, og det var ikkje tilfeldig at det var Fitjar som scora vel 5 minutt seinare. Eit nytt fint mål av Øyvind Fykse Lie. Og minuttet etter kunne Mads Dahl Helland ha punktert kampen, men skotet hans gjekk i krysset. Dermed måtte Fitjar-gutane kjempa og sveitta i sluttminuttane; det gjekk til dels hardt for seg på slutten, og det blei fleire småskader. Men vonleg er alle klare til 8-delsfinalen fredag morgon kl. 08.00. Mot Slottskogen/Godhem frå Gøteborg.

På eit hardt kjempande Fitjar-lag er Nils Ingar Tislevoll nemnt, men heile laget skal ha ros for ein godt gjennomført kamp. Den beste hittil på svensk jord.

Sluttstillinga i innleiingspuljane (Fitjar i gr. 16) og oppsett for sluttspel i Gothia Cup kan du sjå her:

http://spelprogram.gothiacup.se/index.php/klass?ID=2