– Me vil gjer eit bidrag for å støtte opp om lokaldemokratiet, seier dagleg leiar i Fitjar taxi, Knut Ståle Alsaker.

For dei som har problem med å koma seg til røystelokala i Fitjar på valdagen på mandag er det berre å ringe til Fitjar taxi. Dei ønskjer nemleg å tilby gratis skyss til dei som har behov for det.

– Det er viktig for oss å støtte opp om lokaldemokratiet, og me er no ute og fartar uansett, seier Alsaker.

Målet hans er at sofapartiet gjer det så dårleg som mogleg i kommunestyrevalet, og vonar gratis skyss vil få fleire til å røyste.

– Me er klar over at det er mange som sit heime og som kunne tenkje seg å røysta. For å senke terskelen for at folk kan avgi stemme vil me gjere vårt for å bidra.

Å tilby gratis skyss på valdagen er også noko taxisjåførane på Fitjar har gjort før.

– Dette har dei som dreiv taxi på Fitjar gjort tidlegare, så me tenkte me kunne halde fram med tradisjonen.

Han ber dei som er interesserte i gratis skyss å bestille tur innan klokka 18 på søndag.

- Annonse -

– Dei eldre vil få førsteprioritet, men det er gjeldande for alle, seier Alsaker.