Arkivfoto: Kjetil Rydland/ Fitjarposten

Trass i eit visst overtak i spel og sjansar gjekk Fitjar på eit nytt nederlag då dei fredag kveld møtte Stord 2 i kraftige vindkast på Vikahaugane.

I motsetnad til nedrykksrival Kvernbit, som innkassert tre poeng etter at Stord ikkje kunne stilla lag på Frekhaug førre helg, fekk ikkje Fitjar noko gratis mot naboane våre i sør. Stord 2 stilte mannsterke i kulingbyene på Vikahaugane, og stakk av med sigeren etter å ha scora på målsjansane sine.

Fitjar spelte periodevis bra fotball på Vikahaugane, og hadde dei aller fleste sjansane. Me noterte tre skot i tverrliggjaren, og fleire andre feite sjansar. I tillegg brende Jonas Aleksandersen eit straffespark på stillinga 2-1 til Stord. Med scoring der kunne Jonas blitt dagens mann for Fitjar; han utlikna nemleg til 1-1 på eit frispark frå langt hald og skrå vinkel etter ni minutt i andre omgang. Men keeper redda det litt for lause straffesparket i keeperhøgd.

Etter kvart som krampe og andre smerter tok Fitjar-angriparane, kom både Rezwan Kadir og Thomas V. Waage inn og sette fart i Fitjar-angrepet. Men ikkje nok til at det blei fleire scoringar, trass i store sjansar. I staden la Stord på til 3-1 på ei kontring vel eit kvarter før slutt.

– Me har iallfall ikkje marginane med oss! sukka ein lett resignert Fitjar-trenar, Leif Didrik Steensohn, då han såg kva veg det bar.

Etter kveldens 1-3-tap har Fitjar framleis ein ørliten sjanse til å bli fjerde sist i 5. divisjon, men blålyset frå 6. divisjon blinkar sterkare enn nokon gong. Skal Fitjar komma seg opp på sikker plass, må Bønes tapa dei to siste kampane sine, medan Fitjar vinn mot Halsnøy / Trio 2 i siste kampen sin. Dersom me er ekstra heldige, rykkjer berre to lag ned frå puljen, men det er ikkje avklart enno. I så fall vil det vera nok for Fitjar med den årlege griseflaksen mot Halsnøy, i siste seriekamp på Fitjar neste helg. Me me vil ikkje satsa alle pengane på det.

Ein småsjuk Torbjørn Korsvik kom ikkje på banen, men her hjelper han ein krampeplaga Øyvind Fykse LIe, som måtte gå ut. Foto: Kjetil Rydland.

Stord 2 – Fitjar 3-1 (1-0)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Vikahaugane kunstgras
Fredag 12. oktober kl. 20.00
Publikum: 60
Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL

Gult kort for Fitjar: Jonas Aleksandersen og Jonas Yang Tislevoll

- Annonse -

Mål: 1-0 (26. min.), 1-1 Jonas Aleksandersen (54. min.), 2-1 (58 min.), 3-1 (77 min.)

Fitjar sitt lag mot Stord 2: Jacob Mehammer, Brynjar T. Engelsen, Leif Tore Aarland, Nils Ingard Tislevoll, Svein Arne Jordan Raunholm, Helge Myrmel Træet (kaptein),Kristian Træet, Marius Helland Storebø, Jonas Aleksandersen, Øyvind Fykse Lie, Jonas Yang Tislevoll. Innbytarar med speletid: Lars Fitjar Waage, Rezwan M. Kadir, Thomas V. Waage og Lars T. Engelsen.