Fitjar gjekk på eit nytt tap måndag ettermiddag då dei møtte Flaktveit til 4. divisjonsoppgjer på Fitjar Idrettspark. Come back av Kjell Træet og eit nydeleg spelevêr hjelpte ikkje, og resultatet 4-2 til Flaktveit gir nok eit dekkande bilete av kampen. Første omgang var relativt jamspelt, men Flaktveit hadde nok dei fleste sjansane. Den einaste opne sjansen til Fitjar kom ved Sondre Fykse Lie, men Flaktveit-keepern redda med ein fin beinparade.

Andre omgang var 8 minutt gammal då Geir Nyeheim kunne gi Flaktveit 1-0. Skotet kom frå relativt langt hald og skrå vinkel, og virka unødvendig. Det same kan i endå større grad seiast om mål nummer 2 av same mann. Han fekk lov å gå gjennom heile forsvaret til Fitjar før han sette ballen sikkert i mål. Einkvan burde hatt mot og mannskap nok til å stoppa mannen lenge før han kom så langt.

Akkurat dette er nok symptomatisk for dagens Fitjar-utgave; dei er for forsiktige og ikkje kontante nok. Fitjar-trenar Roy Inge Stegane sakna viljen til å ”blø for mål”. Akkurat det å blø fekk veteranen Kjell Træet dessverre høve til etter 18 minutt av 2. omgang. Inne i feltet til Flaktveit fekk han ein støvel i ansiktet slik at han begynte å blø, og måtte forlata banen. Sparket førte til straffe for Fitjar, ein straffe som Ronald Skår scora sikkert på.

I minutta som følgde Fitjar-scoringa var Fitjar på hogget, og kunne med litt flaks ha snudd kampen. Goff Helland kunne ha utlikna då han kom nesten gjennom åleine, og blei felt på 16-meteren. Sjølv ville han hatt straffe, men fekk ingen ting av dommaren. Det var halvmeteren for langt ute til å vera straffe, men han gjekk nok glipp av eit frispark på 16-meterstreken. I staden for Fitjar-scoring gjekk Flaktveit rett i angrep og scora ved Erik Gjerstad. Og berre nokre få minutt seinare gjekk dei opp til 4-1 ved Daniel Beeder.

Dermed var kampen aldeles avgjort då Ronald Skår laga sitt mål nummer 2 for dagen. Då var det berre 5 minutt igjen av kampen, og for seint for ein ny snuoperasjon. Ikkje ufortent blei Ronald utropt til dagens Fitjar-spelar, i ein kamp som Fitjar-trenar Roy Inge Stegane ikkje var fornøgd med. Han var skuffa over alle feilpasningane. Elles kan det sjå ut som om laget lir under mangel på rutine og ”besluttsomhet” i forsvaret. Trenaren ser ingen andre løysingar enn å jobba vidare med det dei har gjort til no – meir rutine får ein berre av å trena og spela kampar.
Sylvester Stallone steroids