Fitjar tapte toppkampen mot Bremnes, laurdag ettermiddag, på ei grasmatte som var utruleg god, sjølv om det hadde vore tunge regnskyll før kampen.  

Bremnes var det mest aggressive laget i første omgang og hadde spelet i den sterke medvinden.  Det var derfor ikkje ufortent at dei leia ved pause etter å ha scora på ein frispark frå 20 meter.  Frå vår ståstad såg det ut til å vera eit billig frispark.  Det var tydeleg at Bremnes som måtte vinna for å ha sjanse på opprykk, var meir tende enn våre gutar, og dei var klart betre enn Fitjar i heile første omgang. 

I andre omgang snudde spelet, og Fitjar hadde vind i ryggen og var betre enn Bremnes.  Kjell Magne, Thomas og Ronald hadde store sjansar til å utlikna, og Bremnes vart pressa svært bakpå på slutten av kampen. Men Bremnes vann ein jamn kamp. 

Kva no?  Fitjar er no på 3 plass, og det kan sjå ut som om opprykket ryk, men fortvil ikkje.  Fitjar skal møta Trott heime neste helg og med seier her vert det opprykk.  Dette fordi Djerv og Bremnes skal møtast neste helg og eit av laga må avgje poeng.  Det opnar for Fitjar sitt opprykk.Her er det viktig at publikum møter opp og støtter laget til seier mot Trott og opprykk til 3 divisjon neste år.  Det vil også verta laga eit spesielt opplegg rundt denne kampen.  Møt opp i Fitjar Idrettspark neste laurdag kl 15.00 ! 

Fakta:

Bremnes sentralidrettsanlegg, 07.10.06, kl. 15.00

Fitjar: Oddgeir Træet, Sondre Fykse Lie, Arild Træet, Tor Jørgen Larsen, Helge Træet, Åsmund Sørfonn, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Thomas Vestbøstad Waage, Kjell Magne Halleraker, Ronald Skår. Innbyte:   25 min. Trond Henriksen for Arild Træet.

                80 min. Jan Åge Tislevoll for Sondre Fykse Lie.

Mål:          0-1   31 min.