Fitjar sitt A-lag i fotball var nyleg til Os og spelte treningskamp. Resultatet var 3-0 til heimelaget. 2. divisjonslaget OS var eit hakk for store for Fitjar.  Etter ein jamn start på kampen tok Os meir over og leia fortent 1-0 ved pause.  I andre omgang var Os klart best og vann til slutt fortent 3 – 0.  Fitjar mønstra eit litt reserveprega lag, der det var 2 debutantar som fekk sleppa til i andre omgang, Daniel Nesbø og Lars Andreas Larsen. Dei gjorde ein god innsats.  Nykommaren i Fitjar, Torstein Myhre, spela ein god kamp.    

- Annonse -