I serieopninga mot Trott på grasbanen i Prestagardsskogen laurdag ettermiddag tapte A-laget klart. Sluttresultatet blei heile 6-0 til Trott, etter 4-0 ved pause. Dei unge Fitjar-spelarane var nok prega av ”stundens alvor”, og Trott vann ein fortent siger.

Fitjar sitt lag: Thomas V. Waage, André Helland (Arve Levåg 78. min.), Asbjørn Vik, Nils Ingar Tislevoll, Kåre Olav Skram, Leif Tore Aarland, Lars Engelsen, Jan Åge Tislevoll (Vegar Helland 60. min.), Kjell Magne Halleråker, Goff Helland (Øyvind Koløen 78. min.), Ronald Skaar (Leif André Tangen 86. min.).

Måla kom slik: 1-0   Bjarte Litlabø (6. min.), 2-0   Morten Hillestad (9. min.), 3-0   Morten Hillestad (29. min), 4-0   Morten Hillestad (35. min.), 5-0   Tor Ove Anuglen (62. min.), 6-0   Lars Sjøvold (64. min.).

Gult kort: Jan Åge Tislevoll, Fitjar.    

Dommar: Ronny Bakkane, Njardar Tysnes.  

Kampen var knapt komen i gang før Trott gjekk opp til 1-0 etter ei flott heading av Bjarte Litlabø. Utover i 1. omgang måtte Fitjar tåla 3 nye mål imot, alle signert Morten Hillestad. Alle var fine prestasjonar, men unge Hillestad kom nok for lett til mot eit ungt og nervøst Fitjar-lag. Det var gått rundt eit kvarter av kampen før Trott-keeperen var borti ballen. Men etter dei første scoringane til Trott kom Fitjar meir med i kampen. Og det baud seg fleire sjansar; den største klarerte Trott-keeperen med ein fin beinparade.

Andre halvdel av 1. omgang var meir jamnspelt, men det var dessverre ikkje heilt ufortent at Trott fekk både 3-0 og 4-0 ved nemnde Morten Hillestad. For Fitjar sin del noterte me ein 100%-sjanse i sluttminutta, ved Ronald Skaar.  Andre omgang opna med store sjansar for Trott, men det skulle gå 18 minutt før ballen igjen låg i Fitjar-målet, denne gongen ved Tor Ove Anuglen. Og berre to minutt seinare var Lars Sjøvold frampå og gjorde 6-0 til Trott.

Sjølv om Trott var det klart beste laget også i 2. omgang, såg me gode tendensar hos Fitjar. Unge Leif Tore Aarland på Fitjar sin midtbane hadde fleire fine framspel. Berre ein svært god og heldig Trott-keeper hindra scoring då Ronald Skaar blei spelt heilt fri. Nærmare scoring går det ikkje an å koma. Alt i alt blei det ein fullt fortent siger til Trott, som kanskje er det beste laget i pulja. Fitjar vil nok slita framover, men viste i periodar mykje fint pasningsspel. Å trekkja fram enkeltspelarar er kanskje ikkje rett, men det er ikkje vanskeleg å få auga på potensialet til Leif Tore Aarland på midtbanen. Dessverre leid også han under saknet av ein dirigent på banen. Individuelt er mange av Fitjar-spelarane lovande, og godt trente. Men dei som kunne styrt laget på banen, er ikkje på banen lenger.  

Fitjar-trenar Roy Inge Stegane var rimeleg fornøgd med spelarane sine etter kampen. Han meiner Trott-sigeren var fortent, men i største laget. Dei var svært effektive, i motsetnad til Fitjar. Men han såg mykje godt spel som er verdt å byggja vidare på. Stemninga i troppen er god etter tapet, og spelarane er fast bestemte på å reisa kjerringa i neste kamp. Heime på Fitjar Idrettspark søndag 27. april kl. 14.00 mot Halsnøy/Trio.