Etter 3 velfortente poeng mot Halsnøy/Trio sist søndag blei dagens 4. divisjonskamp mot Gneist eit antiklimaks. Heile 0-7 måtte A-laget ta med seg heim i bagasjen laurdag ettermiddag. Gneist viste seg å bli altfor sterke for det unge Fitjar-laget, som stilte slik: Oddgeir Træet, Per Malvin Wichmann, Øyvind Koløen, Asbjørn Vik, Kåre Olav Skram, Nils Ingar Tislevoll, Jan Åge Tislevoll, André Helland, Leif Tore Aarland, Sondre Fykse Lie, Ronald Skår. Desse innbytarane kom innpå: Daniel Nesbø, Arve Levåg, Andreas Siglen.

Trenar Roy Inge Stegane fortel at dagens kampen blei nokså lik Trott-kampen. Fitjar hadde ein god del sjansar, men fekk ikkje utteljing. I motsetnad til Gneist, som scora på 7 av sine 15 sjansar. I tillegg til å mangla målteft, manglar laget rutine. Også denne gongen var saknet av ein rutinert sjef på banen merkbart. Gjert Ståle Olsen gjorde ein god innsats sist, men var ikkje med denne gongen, og Kjell Træet er ikkje klar etter skade. Dermed er det ingen på banen som kan roa ned når panikken brer seg i laget. Då blir det vanskeleg når ein møter så pass gode lag som Gneist, med mange spelarar med rutine frå 3. divisjon.

Fitjar-trenaren seier at Gneist vann ein fortent siger, om enn mykje for stor etter spel og sjansar. No ser han fram mot neste sjanse til å revansjera seg, i heimekampen mot Flaktveit 12. mai, 2. pinsedag, kl. 18.00.