I år  er det 25 år sidan Fitjar-Stord hundeklubb blei stifta, og i høve jubileet vert det skipa til stor jubileumsutstilling på Vikahaugane 8. og 9. november.

– Hundeutstilling er eit kjempeprosjekt, og alt må gå føre seg etter dei strenge reglane som Norsk Kennel Klubb set opp for slike utstillingar, fortel leiar i Fitjar-Stord hundeklubb, Bjørg Strømme.

Det nye i år er at det og vert konkurrert i Agility – ein spannande og fartsfylt hundesport, der både hund og hundeførar må vera skjerpa for å lukkast. Her får hundane vist korleis dei kan løysa  praktiske utfordringar ved hjelp av ulike apparat, som til dømes hinder, slalåm og tunnel. I tillegg til teknikk vert det og konkurrert på tid, opplyser Strømme.

– Det er ein fryd å sjå innsatsvilje og iver  hos hundane, og vil du få med deg dette må du møta opp på laurdag, oppfordrar Strømme.

Elles er det vanleg eksteriørutstilling for alle grupper og rasar, både for vaksne og kvalpar. Til saman er det meir enn 1100 hundar fordelt på over 100 rasar .
Å vera lydig er ein viktig del av  hundehald – dette vert det og konkurrert i på utstillinga. ”Barn og hund” er eit eige tema komande hundehaldarar.

Heilt mot slutten av utstillinga på sundag er det kåring av ”Best in show”. Då skal den finaste hunden uansett gruppe eller rase, kårast.

– Anten du har hund eller ikkje, vil du få mange flotte opplevingar på hundeutstilling, avsluttar Bjørg Strømme.