Torsdag kveld er det lokaloppgjer og toppkamp i fotballens 5. divisjon når Fitjar reiser til Bremnes og møter eit heiltent heimelag på Sentralidrettsanlegget.

Dette er ein kamp med alle ingrediensar ein kamp på dette nivået kan ha. Ingen ting er som eit godt, gammaldags lokaloppgjer. Og at det står om kampen opp topplassen i puljen, bør gi oppgjeret ein ekstra nerve. Bremnes leier 5. divisjon med 25 poeng, to poeng føre Fitjar, som ligg på andreplass på tabellen. Med siger vil altså Fitjar gå heilt til topps, medan tap vil gi Bremnes ei luke på fem poeng. Uttrykket «sekspoengskamp» kan såleis ikkje høva betre.

Trenar Tore Kallevåg i Bremnes IL fortel til Fitjarposten at han reknar med å stilla med om lag det same laget som i dei siste seriekampane. Rett nok er laget plaga med eit par småskadar, som er vanleg på denne tida. Men han reknar med så stilla med det beste laget sitt. Til liks med Fitjar har Bremnes eit svært ungt lag, der dei to 17-åringane Vegard Meling Nesse og Sharmarke Bihi har markert seg som dei største målscorarane. Også Bremnes manglar spelarar i alderen 22-32 år. Dermed blir kontinuitet ei stor utfordring.

Kallevåg vil ikkje utropa laget sitt til favoritt før den store kampen, men han legg ikkje skjul på at Bremnes har ambisjonar om å rykkja opp til 4. divisjon. Han fortel at både han og Bremnes-spelarane gler seg litt ekstra til denne kampen. – Det er alltid kjekt med litt ekstra trykk, seier Bremnes-trenaren, som reknar med ein jamn og spennande kamp.

For dei som vurderer å ta turen, minner me om at kampen på Sentralidrettsanlegget startar kl. 19.00 torsdag kveld.