Fitjar søndagsskule har no teke sommarferie, og avslutta sesongen med ein vellukka tur til Øvrebygda skule. Me starta inne i gymnastikksalen med samling der me tende lys, song og høyrde frå Bibelen. Det banka på, og me fekk besøk av hunden Joffen og kanina Kanille, som hjalp Elisabeth Moldestad å fortelja om Jesus som er her sjølv om me ikkje kan sjå han.

Etterpå var det grilling og leik bak skulen, og så sporleik innover skogsvegen. Då alle 12 oppgåvene var besvart fekk alle som ville prøva seg på ei blindeløypa, og det var det få som takka nei til, enkelte tok fleire rundar. Men om det var løypa i seg sjølv eller smakstesten på slutten, som var ein sjokolade, som var motivasjonen er ikkje godt å sei. Med bind for augena, og plassert ut i skogen, var det ikkje lett å føta seg fram, men dei som klarde halda fast i tauet nådde trygt fram til mål.

På vegen var det ulike ting ein skulle kjenna på og knytta til ulike bibelfortelljingar eller songar. Det var litt skummelt å ikkje sjå, men med eit tau å halda seg i, og tilskodarar som advarte mot "farlige stup" nådde alle målet, dei yngste med stil, og dei eldste…. ja, dei gjennomførde.

Før me gjekk heim fekk alle søndagsskuleungane med seg ein cd med høyrespel om fotballmysteriet, songar og ein musikkvideo. Alle fekk og ein artig penn som eit minne om dette søndagsskuleåret.