Kornelius Vestbøstad.

Torsdag 2. mai skipar Fitjar Seniorsenter til historiekveld der me vil få høyra om det spennande livet til fitjarbuen Kornelius Vestbøstad, som levde som fangstmann i USA og Canada i mange år.

– Onkel Kornelius blei nesten 96 år. Ein eventyrar med eit unikt og utruleg rikt liv. Eg er glad eg fekk oppleva min originale onkel Kornelius, seier brordottera Ragnhild Midsæter i ein artikkel som stod på trykk i Fitjarposten i desember 2013.

Kornelius Vestbøstad var ein særprega og interessant person, som drog til USA som 19-åring før første verdskrigen. Derfrå drog han til Canada og dreiv som pelsjeger og fiskar. Då han kom tilbake til Fitjar etter 37 år, greidde han ikkje å leggja bort engelsken, og språket blei ei sjarmerande blanding av norsk og engelsk.

På sogekvelden vil Rasmus Fitjar framføra eit samandrag av tilgjengeleg materiale. Her vil me òg få høyra eit lite klipp av eit intervju med den originale fangstmannen.

Fitjar Seniorsenter ønskjer velkomen til eit spesielt møte med ein unik fitjarbu torsdag 2. mai.

- Annonse -