Men det er ein føresetnad at ferjene til Tysnes også vert med på innkrevjinga

Av: Harald Johan Sandvik

Som tidlegare meldt sa formannskapet i Fitjar nei til oppmodinga frå Hordfast AS om å gjera prinsippvedtak om førehandsinnkrevjing av bompengar på ferjene.

Ordførar Wenche Tislevoll, H, er styremedlem i selskapet, og vart nemnd ugild i handsaminga av saka.

Arne Prestbø i Fitjar Høgre. Foto: Harald Johan Sandvik

Arne Prestbø, H, har følgt prosessen om Hordfast lenge, og håpa på å koma eit skritt vidare i dette møtet.

Han synte til eit ope møte om Hordfast tidlegare, og minna om dei klåre tilbakemeldingane frå næringsliv, politikarar og andre interesserte etter møtet: «Me forventar at politikarane gjer det dei kan for at prosjektet vert realisert!»

Kommunen har kjøpt seg inn i Hordfast AS på vilkår av at ein fekk styreplass.Eit positivt vedtak no er sagt å gi saka auka tyngde og legitimitet. Prestbø sette dermed fram igjen framlegget som vart nedstemt i formannskapet.

Harald Rydland (KrF), opna med at KrF får stor merksemd når dei er usamde om vesentlege saker. Han sikta til at KrF si representant i formannskapet røysta mot førehandsinnkreving. Rydland støtta Prestbø sitt framlegg, men var overraska over Tysnes sitt vedtak, der dei i prinsippet sa ja til bompengar på ferjene, men ikkje på Tysnes sine ferjer. Difor kom han med framlegg om eit tillegg til vedtaket: Fitjar kommune sitt positive vedtak føreset at alle dei nemnde ferjesambanda vert inkluderte i bompengeinnkrevjinga.

- Annonse -

Sigurd Andre Maraas (Frp) sette fram igjen sitt framlegg, som fekk fleirtal i formannskapet. Han såg ikkje at sum bompengar ville vera vesentleg for gjennomføringa av prosjektet, der det heller ikkje er vedteke oppstart.

Prestbø (H) og Harald Rydland (KrF) samordna framlegga sine, som lyder om lag slik:

Fitjar kommunestyre ønskjer ei rask realisering av prosjektet E39 Ådland-Svegatjørn (Hordfast). Kommunestyret sluttar seg til at det vert kravd inn førehandsbompengar på ferjesambanda Halhjem-Sandvikvåg, Halhjem-Våge og Jektevik-Hodnanes i tråd med det opplegget som ligg føre frå Hordfast AS. Fitjar kommune sitt positive vedtak føreset at alle dei nemnde ferjesambanda vert inkluderte i bompengeinnkrevjinga.

Framlegget vart vedteke med 10 røyster. Sigurd Andre Maraas sitt framlegg fekk 7 røyster.