Med gedigen kremkake opna Fitjar Småbåt & fritidsservice i dag den nye båthallen i Årskog.

-Me har allereie fått eit par båtar på plass, og ei rekkje andre står på vent. Me manglar berre trucken som skal kome ein av dagane, så slepp dei òg til. Og når me får opp resten av reolane kan me no ta imot rundt 70 båtar, seier Jostein Prestbø, som legg til at dei allereie har fått bestilling frå om lag 40 båtar. -Det er omtrent dobbelt så mange som me hadde forventa å få første hausten, seier han, nøgd.

For plassleige kostar det kr. 230 pr fot for å ha båten lagra ein sesong, men firmaet tilbyr òg mykje anna, til dømes vask, polering, botnsmøring og små reparasjonar.

Firmaet har vidare gravd ut og lagt til rette eit nytt areal på nordsida av hallen.

-Kva vil de bruka dette til ?

-Me har faktisk hatt kontakt med kommunen om endå større tomt, slik at me etterkvart kan starta byggjetrinn 2 og 3. Og her har me forskjellige alternativ.
Me kan byggja ein båthall til, eller som einskilde har kome med innspel om: Eit garasjebygg for campingvognar, bubilar og motorsyklar, sluttar Jostein Prestbø, ei smule visjonært.