Fitjar spelte ein god treningskamp onsdag kveld, og slo Solid 4-2 på kunstgraset i Hustredalen.

Det unge Fitjar-laget viste lovande takter mot Solid onsdag kveld. I følgje trenar Roy Inge Stegane var det vel fortent at dei kunne gå av banen med siger 4-2 mot 5.-divisjonskollega Solid. Scoringane kom ved Goff Helland (2), Brynjar Tufteland Engelsen og Jan Åge Tislevoll.

Solid spelte uavgjort mot 2.-divisjonslaget Stord førre helg. Men mot Fitjar blei det altså litt verre. Kanskje Roy Inge Stegane og dei unge Fitjar-spelarane har fleire positive overraskingar på lager?