A-laget slo Skjold 3-1 i ein treningskamp i går. Fitjar spelte ein svært god første omgang og leia fortent 2 – 1 ved pause. Skjold spelar i 3. div. Rogaland og var eit godt og ungt lag.

I andre omgang vart Fitjargutane etter kvart slitne og vart sett under større press, men alt i alt ein fortent seier.

Det var to nye Fitjarspelarar i troppen til denne kampen, Trond Wiggo Johansen og Ørjan Paulsen begg frå Solid, det kjem vel med, Fitjar har hatt mange skader og sjukdom i det siste.