A-laget til Fitjar spela treningskamp i fotball og vasspolo torsdag kveld, med bra resultat.

Den dårleg drenerte kunstgrasbanen klarte ikkje å svelgja unna alt vatnet, men Fitjar fekk likevel avvikla ein brukbar treningsamp mot Rubbestadnes IL i regnvêret.

Heimelaget vann 1-0 etter ei scoring 28 minutt ut i første omgang, ved Jan Åge Tislevoll. Innlegget kom frå den kjappe kantspelaren Badi Hurashi.

Fitjar hadde mesteparten av spelet og dei fleste sjansane, så sigeren var fortent nok. Men gjestene på Rubbestadneset var lette på foten og kom farleg gjennom fleire gonger på slutten av kampen. To gonger gjekk ballen i Fitjar-stolpen og ut, siste gongen sekundar før slutt.

Men med 1-0 til Fitjar kunne dommar Aasheim frå Solid senda våte og kalde gutar i dusjen. Etter ein kamp der forholda gjorde det vanskeleg å vurdera lag og enkeltspelarar.

Fitjar sitt lag (4-2-3-1):
Aleksander Henriksen, Emil Fitjar (Sander Tverborgvik 65. min.), Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, André «Mini» Helland (Goff Artsamai 74. min.), Helge Træet, Øyvind Fykse Lie, Torbjørn Korsvik (Thomas V. Waage 45. min.), Badi Hurashi, Henrik Raunholm Kjelling (Bernt-Ove Maraas 45. min.), Jan Åge Tislevoll (Geir Steffen Tranøy 65. min.).

Gult kort:
Øyvind Fykse Lie, Fitjar IL

Dommar:
Øyvind Aasheim, IL Solid