Med 103 poeng gjekk Fitjar Skulekorps heilt til topps i 3. divisjon brass under Sotrafestivalen i helga.

Ikkje rart at det er jubel i korpsleiren. Og, som om ikkje det var nok, fekk Fitjar Skulekorps òg pokal for flest poeng under konkurransen.

Det stoppar ikkje her heller. Fitjar Skulekorps fekk med seg heim endå ein pris. Ein solistpris som gjekk til kornettist Anne Lunde.