Skulekorpset har øvingshelg frå fredag ettermidag, og søndag 2. september arrangerer dei tur til Smedaholmen.

Det er Kari Konglevoll Prestbø som skriv  dette i ei pressemelding.

Der vert det også gudstjeneste. Kano og kajakklubben er der, og det vert natursti. Etter gudstenesta kan ein grilla viss ein ynskjer det.

Korpset har øvingshelg fredag-laurdag i kulturhuset før dei set nasen til Smedaholmen laurdag ettermiddag.

Der skal dei overnatta i lavvoar, ha sosiale aktivitetar og samanrislast før dei skal delta på gudstenesta søndagen.

NMF har musikkorpsenes år, og Fitjar skulekorps markerer dette med denne turen, skriv Kari Konglevoll Prestbø til slutt.