Skulekorpset deltok på Sagvåg musikklag sitt Korpstreff på Stord i ettermiddag.

Saman med 5 andre korps frå øya (inkl. Huglo) deltok Fitjar skulekorps på korpskonserten i Stord kulturhuset i dag. Skulekorpset framførde show-programmet sitt, som dei etterkvart kan svært godt. Dei starta med «Vikingkirken» der både Ragnhild Prestbø, Eva Marie Vevle Tufte, Jonas Koløen Lønning, Anne Lunde og Kristina Korsvik hadde kvar sine soloparti.  Etterpå framførde dei «Det vackraste» med Marthe V. Nordfonn som songsolist, og avslutta med den fengande «Hip to be sqare». Det meste vart framført stødig og flott.

På denne konserten merka me oss særskilt dei unge slagverkarane som jobba iherdig og bra for å halda rytme og tempo i songane. Sverre Brekke, som er den mest erfarne av dei, er blitt svært dyktig og har god kontroll. Torstein Træet og Andreas Vik som berre går i 4. klasse er og i god utvikling. Det var flott å oppleva dei i aksjon i ettermiddag. Dette lovar godt for framtida til korpset.

Nokre sa dei var litt nervøse på førehand, men under framføringa på den store scenen og med lysspottane og publikum sine blikk retta mot seg verka dei stort sett svært trygge og stødige, og representerte Fitjar på ein flott måte!