Fitjar skulekorps har mange oppdrag i lokalsamfunnet, og spetle sist her under gudstenesta på Smedholmen i dag. Foto: Harald Johan Sandvik.

Skulekorpset er eitt av fem lokale fritidstilbod i Sunnhordland som kan vinne 10.000 kroner i prisen til Amfi Stord. 

Kjøpesenteret Amfi Stord deler ut Amfelia og Oskar-prisen for å gi noko tilbake til nærmiljøet, og støtte arbeidet med å skape gode opplevingar for barn og unge.

Ein jury har nominert 5 kandidatar, deriblant Fitjar Skulekorps.

– Me i Fitjar Skulekorps er stolte over å verta nominert, og ynskjer hjelp av bygda til å stemme fram korpset. Samhaldet blant musikantar på tvers av aldersgrupper er unikt i Fitjar Skulekorps. Forutan det musikalske legg me til rette for ulike sosiale aktivitetar i og utanfor øvingstid, seier Kitty Træet, nestleiar i Fitjar skulekorps.

Ho seier pengane vil kome godt med i det nye korpsåret på Fitjar.

– Dersom korpset vinn er det mange muligheter til å skape gode opplevingar for musikantane våre. Til våren vert det eit nytt spennande prosjekt. Denne gongen er Disney hovudtema.

Ho oppmodar difor alle til å røyste på Fitjar skulekorps før fristen går ut, fredag 21. september kl. 12.00. Det gjer ein ved å levere inn ei røyst til Fitjar skulekorps på standen til Amfelia og Oskar på Amfi-senteret.

Dei andre nominerte er symjegruppene til Stord og Solid, Moster ungdomsklubb og Spinae Company. Vinnaren blir offentleggjort på senteret laurdag 22. september.