Førstkomande laurdag skipar Fitjar skulekorps til loppemarknad i Kultursalen, Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Det vert sal av lopper i alle fargar og fasonger, skriv Kari Konglevoll Prøstbø i ei pressemelding.

Dørene opnar allereie klokka 10.00, og det vert ope heilt fram til klokka 15.00. Dei mest eksklusive loppene kan ein gje bod på. Klokka 13.00 er bodrunden over, og dersom ein er til stades, får ein tilslaget. Ein kan også kjøpa mange ulike nylaga husflidsprodukt.

I foajeen er det kafé. Her blir det sal av nysteikte vårrullar, pastasalat, graut, kaffi, kaker og vaflar.

Kari Konglevoll minner om at Fitjar skulekorps har ei Facebook-side som heiter  Loppemarknad 2018.  Her legg dei ut nokre av loppene.

Fitjar skulekorps vart stifta i 1960. Ved oppstart hausten 2018 er det totalt 52 musikantar i skulekorpset, seks av desse er aspirantar.

Korpset held eit høgt nivå, har eit godt miljø og utmerkjer seg både lokalt og nasjonalt.  Det kostar å driva eit så stort og dyktig korps, og loppemarknaden vil vonleg gje eit godt bidrag til korpskassen.