Fitjar Skulekorps er i Stavanger og har delteke i NM for skulekorps brass, der det blei ein fin sjetteplass.
Dette lar seg så absolutt høyra, meiner dirigent Svein Roger Koppang, som fortel at dei er strålande fornøgde med eigen innsats.
– Vi fekk skryt for klang, rytmisk samspel og for solistane våre, seier den fornøgde dirigenten..
Dommarane kommenterte også at det er imponerande at Fitjar har eit så solid og flott korps i bygda, legg Koppang til. No tek korpset snart sommarferie, men først blir det ein liten konsert i Kongeparken, etterfølgt av mengder av sukkerspinn og karusellar.
Skulekorpsdirigenten ønskjer god sommar, og me gratulerer og seier takk det same!