Arbeidet med å ferdigstille anlegget går for fullt og Randi Dalen reknar med å ha anlegget klart til ferien. Innspurten er i full gong på den nye campingplassen i Fitjar. Tømrarar og fliseleggjarar held på for fullt. Anlegget har to leiligheter for korttidsutleige, lokale m/ kjøken for utleige ( for brudlaup og selskap ) og dusjanlegg for båt- og campingturistar. Oppstillingsplassar for campingvognar er laga til. Flytebryggjer for båtturistar vil og bli lagt ut.