Fitjar kommune sine koronasmitterestriksjonane finn du her. Oppdatert 12.03 kl.20:00
– Målet med restriksjonane er å førebyggja- og avgrensa smitte, verna sårbare grupper og oppretthalda naudsynt kapasitet i kommunale tenester, skriv kommunen.
Det vert blant anna sett mål om å avgrensa besøk til sjukeheimen (FBB) og Havnahuset, og i løpet av dagen vil det koma konkrete avgrensingar for storleik på hendingar på Fitjar.
– Berre besøk av ein pårørande om gangen, visittid berre mellom kl.17 til kl.18. Adgangskontroll vil verta oppretta.
Ved mistanke om koronasmitte må ein reagere ved å ringa legevakta (116117), ikkje oppsøk lege utan at du får beskjed om det. Dersom ein vert sett i karantene skal ein halda seg til gjeldane karantenereglar slik det framgår frå Folkehelseinstituttet (FHI).
– Ikkje ring naudnummera med mindre du er akutt sjuk!
Karantene på alle som har vore utanom Norden
– Har du vore på reis utanom Norden skal du i 14 dagar heimekarantene, uavhengig om du har symptom eller ikkje. Dette har tilbakeverkande kraft frå 27.februar og 14 dagar framoveer.
Fitjar kommune minner om å ivareta god og forsvarleg hand- hoste- og nysehygiene.
– Handhelsing, klemming og anna nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg gje rettleiing om personlege hygienetiltak.
– Vis solidaritet, reduser smittefaren, avsluttar Fitjar kommune, som fortel at dei vil oppdatera informasjonen til innbyggjarane fortløpande.