Fitjar sin eldste innbyggjar stemte i vallokalet i Osternes bedehus i dag. Foto: Kjerstin Stokken

Den spreke 99-åringen vart godt hjelpt av sonen Harald Skumsnes, men gjekk for eigen maskin med litt støtte. På biletet ovanfor ser me Laura og Harald ved stemmeurna.

Han fortel at mora no bur på Fitjar Bu- og behandlingssenter, men ho er heime på Landa av og til.

I dag ville ho gjerne stemme stemme om Harald ville følgje ho. Det ville han sjølvsagt.

– Ho har alltid følgt godt med på lokalpolitikken og gjer det framleis, smiler Harald Skumsnes, til slutt.