Roger Træet reiste med båt til Rubbestadneset på Kristi himmelfartsdag og sikra seg sigeren i den årvisse bridgeturneringa.

I år hadde turneringa på Rubbestadneset rekorddeltaking med 40 par, fortel Roger Træet til Fitjarposten. Fitjarbuen er leiar i Stord bridgeklubb, som slo seg saman med restane av Fitjar bridgeklubb i fjor.

Kristi himmelfartsdag reiste han i båt til Rubbestadneset saman med dei andre Fitjar-spelarane, Kristen Helland og Tore Fjeldberg. Roger fortel om eit prikkfritt arrangement på hotellet, med deltaking av folk heilt frå Stavanger i sør til Florø i nord. Det blei avvikla 54 spel frå kl. 11.00 til 19.00.

Roger og makker Tove Haugen kjempa i teten heile tida, og var berre 15 poeng bak leiar då det gjenstod fire spel. – Då tok me i og vann suverent! seier ein nøgd Roger Træet til slutt.

Resultat frå Maibridge på Rubbestadneset

Plass  par   poeng     %
1.         16     271,6    63,2  Tove Haugen – Roger Træet               
BK Gann – Stord BK                      
2.         35     209,4    60,2  Kai Morten Heggøy – Amund Utne      
Kvinnherad BK                           
3.         21     203,5    59,9  Frode Tveito – Finn Fyllingslid             
Ullensvang BK – Bergen Akademiske BK    
4.         31     202,8    59,9  Atle Seim – Knut Ivar Pettersen          
Bergen Akademiske BK                    
5.         11     197,4    59,6  Birger Pedersen – Sigurd Østebøvik   
Kopervik BK    
6.          7     187,4    59,1  Eli Solheim – Ivar Magnus Anfinsen     
BK Gann                                 
7.        12     167,4    58,2  Espen Anfinsen – Erik Eliassen           
BK Gann                                 
8.          3     162,6    57,9  Raymond Nesbø – Stig Gamlemshaug
Os BK                                   
9.        13     140,4    56,8  Kurt Langhelle – Herold Kråkenes         
Kopervik BK                             
10.      24     129,7    56,3  Tonny Urheim – Jens Erik Nybø Hansen
Rubbestadneset BK