Fitjar Servicesenter er konkurs. Det opplyser dagleg leiar Hans Engel Ivarsøy til fitjarposten.no.

– Inntektene i forhold til utgiftene med lange opningstider vart rett og slett for små, kommenterer Ivarsøy. Han kan ikkje sjå at senteret kan bli opna att i noverande form. Men verkstadsbedrifta hans, Altimek, vil halde fram som før.

Etter det fitjarposten erfarer vert det òg jobba for at bilverkstaden på bensinstasjonsområdet skal kome opp og gå igjen.