Etter siger mot botnlaget Nordre Fjell søndag føremiddag er Fitjar seriemeister i 2. divisjon for gutar 15 år.

Trenar Bengt Monry Olsen var ikkje heilt fornøgd med dagens kamp, der dei berre klarte å slå botnlaget Nordre Fjell med tre mål, 26-23. Men han var desto meir fornøgd med at gutane hans klarte å dra i land seriemeisterskapen for gutar 15 år.

Bengt fortel at dei spela ein mykje betre kamp i Bergen i går. Då møtte dei serieleiar Kjøkkelvik 2, og klarte å dra i land sigeren med 28-26 i ein høgdramatisk kamp, der det stod 26-26 eitt minutt før slutt. Han takkar Brynjar Skår Bergesen for godt keeperspel, og heile laget for aggressivt forsvarsspel i den kampen.

Etter gårsdagens siger låg alt til rette for å hala i land seriemeisterskapen heime mot botnlaget Nordre Fjell. Men gjestene beit godt frå seg og leia kampen med to-tre mål i store delar av første omgang. Etter at Fitjar gjekk opp til 10-9 etter rundt 20 minutts spel, hadde heimelaget brukbart tak på kampen. Dei sleppte aldri gjestene i leiing igjen.

Ved pause stod det 14-12 til heimelaget, og dei heldt seg stort sett eit par mål framfor gjestene heile andre omgang. Ein liten augneblink etter eit kvarters spel var Nordre Fjell oppe i uavgjort 19-19. Men Fitjar seig frå mot slutten, og kunne innkassera ein velfortent siger 26-23. Og jubla for seriemeisterskap!

Som vanleg markerte toppscorar Fredrik Skjerve Jensen (10 mål) og Vegard Hareid (7 mål) seg positivt på Fitjar. Elles var det bra innsats over heile linja, men med litt meir aggressivitet i forsvar kunne dei nok sett botnlaget klarare på plass.

I jubelen over seriemeisterskapen seier trenar Bengt Monry Olsen at «det er no det begynner». Denne veka aukar han treningsmengda for å stå best mogeleg rusta til påsketurneringa i Danmark, Holstebro Cup 2012. Måndag 2. april reiser laget til Holstebro, og har visse forventninar om å nå langt i turenringa. Fitjarposten lovar å følgja med frå dag til dag.

Alle resultata frå serien er ikkje komne inn enno, men det er klart at Fitjar har vunne 2. divisjon for gutar 15 i Hordaland. Sjå tabell og resultat på nettsida til Norges Håndballforbund, Region Vest: