Caroline Clausen(t.v) og Andrea Dagsland (aksjonssjef) frå Fitjar-russen saman med Håkon Larsson-Fedde.

Fitjar-russen deltek nok ein gong på «Krafttak mot kreft», og hadde i dag «kick-off» for årets aksjon.

Kreftforeininga sin innsamlingsaksjon «Krafttak mot kreft» har sidan 2006 funne stad kvart år i mars. I fjor samla aksjonen inn 42 millionar kroner i kampen mot kreft ved blant anna bøssebæring.

På Fitjar har russen deltatt på «Krafttak mot kreft» i mange år, og er nok ein gong klare til bøssebæring. Tysdag vitja Håkon Larsson-Fedde på kreftforeininga Fitjar-russen, og hadde «kick-off».

Her fekk russen mykje skryt for at dei er med på aksjonen.

– 80 prosent av pengane me får inn under «Krafttak mot kreft» er det russen som samlar inn. Me i kreftforeininga er veldig takknemlege for at de brukar tida dykk på oss. Fitjar-russen samla i fjor inn litt over 33.000 kr på 30 bøsser, fortalde Larsson-Fedde, som meinte årets russ lett kom til å samla inn like mykje.

Kreftformer få overlever

Han informerte russen om årets tema, som er kreftformer få overlever. For sjølv om 7 av 10 nordmenn i dag overlever kreft, skjuler denne statistikken store forskjellar. Lunge- og bukkspyttkjertelkreft er blant kreftformene få overlever, og det er desse to kreftformene ein særleg har fokus på i år.

Midlane frå årets «Krafttak mot kreft» skal bidra til at fleire overlever, og til gode omsorgstilbod til både pasientar og pårørande.

Alle kjenner til kreft

Håkon Larsson-Fedde demonstrerte korleis «alle» kjenner til kreft, ved hjelp av ein enkel, men veldig demonstrerande aktivitet. Han spurte elevane kven dei tenkte på når dei høyrer ordet kreft, og bad elevane reisa seg når eit ord dei assosierte med kreft dukka opp på skjermen.  Litt etter litt reiste elevane seg, etter som ord som bestemor, pappa, nabo, venn, med fleire dukka opp på skjermen. Til slutt stod nesten alle elevane.

Nytt for «Krafttak mot kreft» er at elevane kan velja å gå med ein lapp på seg. På lappen står det «eg går for….», og dei som vil kan her fylla inn eit namn på den stipla linja.

Fleire og fleire ynskjer å stø saka, men har ikkje kontantar i hus. I år har alle skulane som er med på «Krafttak mot kreft» fått sitt eige skulenummer. Dette nyttar ein til dømes om folk vil vippsa, og dermed vert ogso desse pengane rekna med i kor mykje den enkelte skulen samlar inn.

Fitjar-russen håpar Fitjarbuen er klare til å «gi for livet» når dei kjem på dørene til folk med bøsser den 17.mars.