Bra frammøte i klubblokalet under årsmøtet i Racingteamet onsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Onsdag kveld avvikla Fitjar Racing Team årsmøtet sitt i klubblokalet på Rydland, og årsmelding og rekneskap bar bod om ei nøktern, men solid drift og særs gode sportslege resultat.

Knapt 20 av dei 63 medlemmene i Fitjar Racing Team møtte opp på onsdagens årsmøte i verkstaden til Ole Vidar Helland. Den lokale motorklubben er ein relativt stor organisasjon i bygda, og årsmeldinga bar bod om stor aktivitet.

– Sesongen 2018 har vore ein fantastisk sesong for teamet, står det å lesa i årsmeldinga.

For første gong i historia vart tre førarar frå teamet vestlandsmeistrar. Oliver A. Matre vann VM bilcross senior i tillegg til at han vart årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal. Han kvalifiserte seg for landsfinalen i Verdal, der han vart nummer 9. Ailin Vik vann bilcross junior som første jente nokon gong. Håvard Helland vann rallycross over 2400 ccm i VM. Han deltok også med suksess på Goldagsløpet i juli, og vart nummer 9.

Teamet har i tillegg til desse tre hatt fleire andre førarar i aksjon på løp i Bergen og Vikedal. Ny seniorførar av året er Joakim Strand, og Thea Vaagen Matre har debutert i bilcross junior. Andre førarar som har delteke i løp er Arild Vik, Knut Olav Skaar, Jonas Heggøy, Kristina Sætre, Mari K. Lønning og Ole K. Lønning.

Ein annan utøvar som debuterte i fjor, er unge Adrian Vik, som har delteke lokalt i konkurransar i MX 85 ccm.

Rekneskapen viser eit bra overskot, og Racingtemet reknar med ein aktivitet minst på same nivået i sesongen som kjem. Minst sju førarar planlegg å køyra bilcross og rallycross. Sesongstarten blir i Bergen palmelaurdag, 13. april.

Styret nyttar høvet til å takka Fitjar Kraftlag, Sparebanken Vest, Engevik & Tislevoll AS og Fitjar kommune for støtte i sesongen 2018.

- Annonse -

Etter kveldens val ser styret i Fitjar Racing Team slik ut: Ole Vidar Helland, Elisabeth Vågen, Liv Mari Koløen Lønning, Alf Inge Træet og Frode Bunes. Varamedlemmer: Arild Vik og Joakim Hellen Strand. Styret konstituerer seg sjølv.