I kveld har Ingve André Strand vore i klubblokalet på Rydland og vist fram laurbærkransen han fekk etter samanlagtsigeren i årets NM i crosskart.

Stemninga var naturelegvis upåklageleg i bilsportens Mekka måndag kveld, då ein fersk NM-vinnar viste seg fram. Dette er første gongen Fitjar Racing Team har vunne ein offisiell NM-tittel, og gleda er sjølvsagt deretter.

– No er målet å vinna NM med større margin enn i år! kjem det optimistisk frå tilretteleggjar og ven, Sigurd André Maraas.

Han er kanskje den viktigaste støttespelaren til NM-vinnaren frå Tislavodlen, saman med faren, Martin Strand.

Sistnemnde har køyrt rundt på crosskartløp i Noreg og andre skandinaviske land i 20 år, etter at Ingve André fekk sin debut i crosskart 250 ccm i 1994. Han er naturlegvis ikkje så lite stolt over å ha fått ein ekte norsk meister i familien.

Han fortel at i crosskartmiljøet blei Ingve André omtalt som «norgesmester i å ikke bli norgesmester». Dette har naturlegvis sin bakgrunn i at ekspressen frå Dalsle har mangla berre eitt og to poeng på å bli noregsmeister i tre år på rad. Før det endeleg blei hans tur i år.

Det har lege i korta lenge at Ingve André ein gong skulle gå til topps i NM, og i år låg alt til rette, spesielt sidan den første runde skulle gå av stabelen på heimebane i Vikedal. Men her fekk Ingve eit av dei dårlegaste resultata sine på mange år, med ein 7.-plass.

Derfor var optimismen knapt merkbar på føresommaren, men etter kvart har det gått betre og betre for Ingve. Sigrane i NM-rundane blei fordelte på Ludvik Einarsen, Jonathan Walfridson og Marius Vardeberg, før Ingve gjekk heilt til topps i Skien for tre veker sidan, etter heilt suveren køyring.

Likevel av Ludvik Einarsen den klare favoritten før finalen på Krabyskogen ved Gjøvik. Ein fjerdeplass ville vera nok, uansett kva Ingve på andreplass skulle finna på.

– Men i finalen kan alt skje! har tilretteleggjar Sigurd André Maraas sagt kvart år.

Vanlegvis tyder «alt» at Ingve køyrer inn til andreplassen samanlagt, eitt poeng bak vinnaren. Men slik skulle det altså ikkje gå denne gongen, sjølv om samanlagtsigeren sat veldig langt inne. I andre kvalifiseringsheatet laurdag hoppa eksosrøyret av, og Ingve sleit seg inn til ein fjerdeplass. Med andreplass i siste heatet blei det sjette startspor i finalen.

Dermed skulle det eigentleg vera ei umogleg oppgåve å gå forbi Ludvik Einarsen i årets NM. Samanlagtleiaren starta nemleg i pole position og burde kunna «safa» inn sigeren. Men i andre sving blei han for ivrig, og kom borti ein av dei andre favorittane, Jonathan Walfridson. Og brått hamna han med snuten mot fartsretninga.

Ingve kom bakfrå i sjette spor og såg kva som heldt på å skje. Han heldt litt igjen, og brått hadde han fri veg forbi, og låg bak Oscar Solberg nesten heile A-finalen. Han pressa ikkje særleg på for å slå unge Solberg, for son til Henning Solberg låg ikkje an til å hevda seg samanlagt. Men Ingve hadde god kontroll på andreplassen, og visste at Ludvik Einarsen var bak.

Kor langt bak førehandsfavoritten var, visste ikkje Ingve før han var på veg opp til depotet. Men av faktene til Sigurd André Maraas skjøna han kva som hadde skjedd. Og kunne dela gleda med tilretteleggjaren og familen som var til stades på NM-finalen.

Me stiller oss sjølvsagt i køen av gratulantar; det er ikkje kvar dag nokon kjem heim til Fitjar med ein laurbærkrans om halsen. Det store nyhendet har spreidd seg heilt til Tyskland, der produsenten av stempel gler seg med den lokale helten vår. Sjå Facebook-sida til Wössner.

Dei siste vekene har naturlegvis fokus vore på Ingve sine sjansar til å gå heilt til topps samanlagt i NM. Men det er verdt å minna om at i skuggen av all dramatikken denne helga køyrde son hans, Anders Halleråker Strand, eit av sine beste løp. Han viste seg gong på gong som ein av dei raskaste i klassen sin, og tok starten i fleire av innleiingsheata, noko me kan sjå bilete av på norsk-crosskart.com.

«Besten» Martin Strand fortel til Fitjarposten at yngstemann «køyrde som ein prest». – Det begynner å losna for han no!

Racingteamet og me andre har vonleg meir godt i vente. Fokuset er allereie retta mot neste år. Sjølv om kransen endeleg er i hus, har dei ikkje tenkt å kvila på laurbæra.

 

Ingressbilete: Ingve André Strand har køyrt inn ein haug med pokalar i 20 år før det endeleg blei ein laurbærkrans. Foto: Kjetil Rydland.