Tysdag kveld arrangerte Fitjarposten og Fitjar folkebibliotek quiz med lansering av quiz-boka til Magnar Kloster.

Arrangør av kveldens quiz var Elin Siglen på Fitjar folkebibliotek saman med Fitjarposten. Det store trekkplasteret var naturlegvis den nye boka til Magnar Kloster «Fitjar-quiz 1. Meir enn 450 spørsmål».

Håkon Hartvedt og Magnar Kloster fotalte kort korleis boka hadde blitt til. Det heile starta før jul i 2006 då Håkon Hartvedt fekk Magnar Kloster til å leggja inn dei første 12 spørsmåla på nettutgåva til Fitjarposten. Den gongen var det ingen konkrete planar om vegen vidare. Men stor interesse frå lesarane av nettutgåva, inspirerte til å halda fram. Og no har han lagt inn nye 12 spørsmål kvar 14. dag i snart to år, bortsett frå i sommarferiane. Magnar Kloster fortalte at han begynte med ord og uttrykk frå Fitjar, og at han etter kvart utvida temakretsen til historie, geografi,songar, ordtak m.m. Spørsmåla har vist seg å vera interessante for alle med tilknyting til Fitjar, men kanskje mest for dei som har levd ei stund.

Quiz lyder nytt og noko framandt for oss som begynner å dra på åra. Men ordet tyder noko så enkelt som spørjekonkurranse, og Magnar Kloster fortalte at han hadde slått opp i Wikipedia. Her står det bl.a. at quiz er ein spørjekonkurranse, åleine eller på lag, ein sosial aktivitet som skaper glede og samkjensle. Og i så måte lukkast kveldens tilskiping godt.

Rett nok kunne det møtt fleire deltakarar. Men dei 20 som kom blei delte inn i fire lag og koste seg med dei vanskelege spørsmåla frå Magnar Kloster. Med stødig hand og like stødig røyst losa han deltakarane gjennom to spørsmålsrundar, og kunne konstatera at ingen hadde alt rett. I pausen mellom spørsmålsrundane underheldt ungdommane Johanne Fangel Brekke, Audun Arthur Mehammer og Svenn Harald Liarbø med song og musikk.

Som vanleg gjorde dei ein flott innsats, og me gler oss til å treffa dei igjen. Me gler oss og til neste quiz. Kor tid den blir er uvisst, men kvelden på biblioteket gav i alle fall meirsmak.

Fitjar Quiz 1 får du kjøpt hos:

Theo
Videoen
Larsen
ARK Stord

Du kan også bestilla boka ved å ringja 481 51 491 eller send ein e-post til post@fitjarposten.no.