I Posten sin nedtrappingsplan av postkontor, er òg Fitjar med. Det betyr at Fitjar postkontor vil bli lagt ned ein eller annan gong mellom i dag og år 2010.

-Årsaka til nedlegginga er endra bruk av postkontora sine tenester. Målet vårt er likevel å få til ein avtale med ein butikk, slik at posttilbodet til fitjarbuen, også i framtida, skal bli minst like bra som no, seier informasjonssjef i Posten, Eivind Rossen, i  i ein kommentar  til fitjarposten.no

Og dei har tida fram til år 2010 på å få det til.

Dei tilsette på Fitjar postkontor hadde ikkje hug til å kommentere saka på noverande tidspunkt.