Denne veka dukka Fitjar opp i radiokanalen P4 igjen, denne gongen i radioreklamen til Joker.

Det er i matvarekjeda Joker sin reklamesnutt for Ukens Joker me vert teken med til Fitjar, nærare bestemt til nærbutikken på Rydland. I reklamen møter me Magne Skumsnes, som er dagleg leiar for butikken. Han fortel om «ukens joker» og brukar m.a. det lokale uttrykket «heise billigt». I reklamen prøver så ein språkforskar å  finna ut kvar Magne kjem frå. Språkforskaren plasserer butikken nord på Stord, men at me er på Fitjar vert aldri sagt med reine ord.

Etter fleire tips tek eg turen innom Joker laurdag føremiddag. Der treff eg Sølvi Korsvik, som er ei av tre blide damer som tek seg av den daglege aktiviteten i butikken. Butikksjefen er det sjeldan ein møter her, men no kan ein altså høyra han på radioen. Desse dialekt-reklamane har ein rulla og gått i mange år, og så ringte dei plutseleg hit til oss på Rydland ein dag, fortel Sølvi. Dei måtte ha stemma til ein som kom frå Fitjar, og så vart det Magne, som eigentleg er snikker, som fekk jobben med å vera reklamestemma. Innslaget vart teke opp via telefonen. Sølvi fortel vidare at reklamesnutten har blitt sendt på radioen sidan tysdag, men at når det no vert eit nytt jokertilbod neste veke vert reklamen skifta ut.  

«Me har fått mange tilbakemeldingar på reklamen og det har vore travelt på butikken dei siste dagane, og ikkje minst så har me selt kolossalt med kvitost denne veka», smiler Sølvi, før ho slår inn nok ein kvitost i kassen.

Om du ikkje har fått med deg Magne si stemma på radioen, kan du endå ei stund høyra reklamesnutten her.