Fitjarbuen er mellom dei mest gåvmilde i landet når det gjeld å gi kyrkjekollekt.

Det syner statistikk frå Statistisk Sentralbyrå som har rekna ut kor mykje kollekt som vert gjeve per innbyggjar i landets kommunar, ein statistikk som syner at Fitjar ligg på 6. plass.

-Eg visste jo frå før at fitjarbuen er svært rause med å gi, og det hadde vore gøy om me hadde fått 1. plassen, men dette er kjempeoppmuntrande, seier ein glad sokneprest, Olav Oma, i ein kommentar til fitjarposten.no