Kurt Nilsen var ein av tre som spelte på Fyret scene på Tysnesfests fyrste festivalkveld. Ikkje alle veit at Kurt har gått på skule på Fitjar.

Han er bergensar, Kurt Nilsen, men i tre månader medan han var 16 år, budde han i Fitjar der han var elev ved Fitjar vgs.

-Det blei for hardt å stå opp i tide til skulen, så etter tre månader flytta eg heim igjen til Bergen. Om eg hadde vore eit a-menneske hadde eg kan hende budd der endå..?, seier han humoristisk til fitjarposten.no

Kurt gjorde ein god jobb på konserten i går, sjølv om festivalpublikum vert noko anna enn vanlege folk på konsert. Me tykkjer han gjorde ein kjempejobb. Då me snakka med han etter konserten, kunne han fortelje at han har ein travel sommar med mange konsertar, før haustens program og juleoppkøyringa med fleire konsertar enn dagar i advent.

Gårdsdagens andre artistar gjorde og ein god jobb. Erik og Kriss spelte slager på slager, og Katzenjammer er det friskaste og mest sjarmerande me har sett på ein scene på lenge.