Med 5-1 heime mot Lysekloster 2 søndag ettermiddag held Fitjar unna for dei andre opprykkskandidatane i 5. divisjon.

Heimelaget kom best i gang, og før det hadde gått to minutt lurte Henrik Raunholm Kjelling ballen bak Lysekloster-keeper Kim Nord. Fitjar-spelarane utnytta flytsonen og spelte ein solid første omgang. Etter knapt 10 minutt starta Henrik R. Kjelling dagens finaste angrep etter å ha gjenvunne ballen i høgre back posisjon for Fitjar. Han slo hardt og presist framover mot ein fremadstormande Jan Åge Tislevoll, som tok ballen med framover mot 16-meteren til overrumpla gjester. Så slo han presist mot storscorar Thomas V. Waage i stor fart mot mål. Sistnemnde sprang seg fint fri mot bakerste stolpe og heada utakbart i mål. Ei av dei flottaste scoringane på Fitjar-graset i år!

Lysekloster kom litt meir med etter kvart, men det verka som om Fitjar hadde rimeleg kontroll omgangen ut. Og dei stod så absolutt for dei finaste målsjansane. Gjestekeeperen måtte strekkja seg i si fulle lengde på skot frå Kjell André Thorland og Henrik Raunholm Kjelling. Sistnemnde hadde òg eit fint forsøk då han lurte av fleire motstandarar inne i feltet, før han la ballen over keeper og hårfint over tverrliggjaren. Før dommaren bles av for pause, noterte me og fleire fine tilbod for ein særs aktiv og løpsvillig André Helland på venstrebacken til Fitjar.

Andre omgang starta med at ballen strauk utsida av Fitjar-stolpen, og dette bar bod om ein langt betre omgang for gjestene. Fitjar sleit med å etablera sitt eige spel, medan gjestene viste seg mykje farlegare enn før pausen. Etter vel 10 minutts spel måtte Fitjar-keeper Oddgeir Træet henta fram ei redning frå øvste hylle. Men så gjekk det slik det ofte gjer for lag i flytsona. Leif André Tangen storma fram i kjent stil på høgrekanten, og det perfekte innlegget sette toppscorar Jan Åge Tislevoll like perfekt i mål. Og om ikkje kampen var avgjort då, så blei han definitivt avgjort tre minutt seinare. Midtstoppar Nils Ingard Tislevoll braut på eigen banehalvdel og tok ballen med seg i stor fart framover, før han spelte fram til bror sin. Jan Åge skaut hardt og godt frå skrå vinkel, og den gode gjestekeeperen Kim Nord måtte gi retur. På 16-meteren kom Kjell André Thorland og sette ballen hardt og velplassert i mål.

Med 0-4 under skjorta skulle ein tru at gjestene hadde gjort sitt for dagen, men dei ville slett ikkje gi opp. Ballen strauk på nytt på utsida av Fitjar-stolpen, og Oddgeir Træet viste fram fleire fine redningar. Det kom difor ikkje som noko sjokk at gjestene til slutt fekk trøystemålet sitt. Takka vere god rørsle inne i Fitjar-feltet, før Joakim Hovden fekk god plass til å setja ballen sikkert i mål. Ivrige gjester kom til fleire sjansar i sluttminutta, men dei lukkast ikkje. I staden kom ein optimistisk Torbjørn Korsvik inn frå Fitjar-benken og gjekk gjennom alt som var av Lysekloster-forsvararar før han trilla ballen fint forbi keeper, og 5-1!

Heimelaget vann ein fortent siger, men kan takka effektive spissar, og ein dyktig keeper for det flotte resultatet. Oddgeir Træet blei då også utpeikt til dagens Fitjar-spelar, ei høgst kompetent avgjerd av juryen. Etter dagens kamp ser det lyst ut med tanke på opprykk til 4. divisjon. Nærmast på tabellen i 5. divisjon følgjer Vestsiden-Askøy og Halsnøy sju og åtte poeng bak. Etter som desse to skal møtast, kan ikkje begge gå forbi Fitjar. Men Løvstakken kan stikka forbi Fitjar med tre sigrar, dersom Fitjar taper dei tre siste kampane sine. Med eitt poeng til i innspurten er Fitjar sikra opprykk, uansett utfall av dei andre kampane. Dette eine poenget kan Fitjar sikra seg mot Trott i Prestagardsskogen neste laurdag.

anabole